
DNT Stord-Fitjar, er det nye offisielle namnet på det lokalet turlaget på øya. Og frå velinformert hald der, blir det opplyst at eit nytt turkart er i kjømda og at det blir ein heil del nye skilt som skal rettleia dei som likar utfart i naturen.
Eitt døme, er alt å sjå på Parkeringsplassen ved Lundsseter Kraftstasjon. Der viser seks skilt at ein kan gå på kjende stiar både eine og andre retning mot Stovegolvet og Skårafjellet , mot Steingjelsheddo og ein kan gå Stord på skrå.
Sistnemnde har nemninga tur nummer 50, og på DNT Stord-Fitjar si nettside les me at strekningen 9,5 kilometer og bli omtalt som middels tung. Startpunkt og mål er valfritt. Går ein frå Fitjar til Stord med start frå Dalshaugane er ruta slik:
«Følg traktorveg forbi Tveitaslottet fortsett på traktorveg vidare mot Ytsta Sølivatnet. Ved Ytsta Sølivatnet kryss Årbøelvo på bru, fortsett på sti opp Heddledalen, langs øvre Heddledalsvatnet og Aravatnet. Følg skilting mot
Lundseter langs Tysevatnet opp Steinasmoget og vidare ned mot Lundsseter via Tyseskaret.»

