
Kunst i det offentlege rom, eller lang benk for folk flest? Ein tenkt møteplass, kanskje? Stordront.no kan diverre ikkje gje det korrekte svaret på kva den spesielle installasjonen utfor «Sparebankbygget» på Torget er meint å vera. Det kan verka som me ikkje er åleine om å undrast over bruken av anlegget under dei store lauvtrea. For heller ikkje på
ettermiddagstid 17. mai var det noko som gjorde seg nytte av benkene (?). Dette trass i at det var på tusenvis av frammøtte for delta i Borgartoget, eller for å sjå på torget.
Sidan det for mange er eit ope spørsmål kva tanken bak installasjonen eigentleg er, tek Stordront seg den fridom å tipsa byggherren om det hadde vore kjekt med eit oppslag som fortel om bakgrunn og bruksområde. Takkar føreår.
