Langt og viktig borgartog

Ein del av idretts- og kulturlivet som tok plass på Borgartoget. (Foto: Steinar Hystad)

Rundt 12-tida kom det ausvatn frå oven og la ein fuktig dempar på  nasjonaldagfeiringa. Akkurat då var det  i god medkjensle  me tykte synd på det spesielle Syttandemaikoret i Nordbygo som skulle framføra sine glansnummer ved høgskulen. Heldigvis letta det  til dess  deltakarane i Borgartoget byrja samlast på Torget.  Ja, veret slo stundevis til med  solstråler så ein faktisk merka  kjappe tendensar til sommar. 

Nytt i bybiletet – perrongen i Borggata 19 vart teken i bruk. (Foto: Steinar Hystad)

Då det berre var minutt att til togavgang, slo det  Stordront sin uteruslande kor viktig denne samlinga av unge og eldre eigentleg er.  Alle flotte fanene  for musikk og song, idrett og anan kulturell verksemd –  er eit framifrå prov på at  Stord har eit utruleg rikt  tilbod av aktivitet på fritida.

I Toget hadde tradisjonene tru  første (og einaste) stopp på turen – i Parken der  Ap-politikar Ulvar Akselsen heldt talen for dagen. 

Ein OK syttande mai kan såleis meldast frå 2026.

Russen 2026-  markerte seg med godt humør på toget. (Foto: Steinar Hystad)