
Salutten, som smalt frå moloen på Leirvik klokka 08:00 i dag, er som sjølvaste startskotet for feiringa av nasjonaldagen å rekna. Den vart etterfulgt av tonane til «Ja, vi elsker» framført av Stord Musikklag.
Ved støtta av Baard Haugland ønska Pål Roseth «dei faste frammøtte» velkommen og gav så ordet til dagens talar Ola Dahl Andersen.
Dahl Andersen minna alle om at det i ei uroleg verd ikkje er ein selvfølge å ha det så godt som me har det her til lands. Han mana spesielt til dugnadsånd og frivilligheit og påpeika at dette er særs viktig for å få samfunnet og demokratiet vårt til å bløma.
Vidare oppmoda han «dei faste frammøtte» til å ta med seg ein dei kjenner ved neste høve.
– Då vert me nemleg dobbelt så mange neste år!
Etter talen vart det lagt ned krans ved støtta av Baard Haugland og ved minnesmerket for dei som mista livet då nattruteskipet «DS Austri» vart senka av britiske bombefly i ferbuar 1945.
Til sist sette speidartroppen 1. Leirvik og Stord Musikklag, tradisjonen tru, i gang sin prosesjon gjennom Leirvik sentrum opp til Stord Sjukehus.

