Kledd i kvitt

Motiv frå oppsida av Hestafossjuvet. (Foto: Steinar Hystad)

Tusen milliona og møkje meir enn da, er ei gamal og godt måleeininga når me vil fortelja om imponerande mengder. Slik mange turgåarar i desse dagar gjer, når dei fortel om kvitveis som med sitt blid åsyn ligg som eit teppe i skogholt og langs stiar. Hystadmarkjo er kjend for sine enorme bukettar kvitveis, men Stordront vågar seg likevel frampå med tips om å ta ei kvitveisutflukt langs nedre del av Kattnakkevegen. På strekningen frå Lundsseter til Kyvikseter er det stadvis kvitt i kvitt.