
Ved 22-tida vert ein spesielle farkost kvar kveld styrt ut frå Notahaugskaien i Leirvik. Målet er farvatnet tett ved land i Djupavikjo nokre hundre meter utfor Moloen. Flåten er spesiallaga for undersjøiske undersøkingar og nett no driv Lingen Grunnboring på staden.
– Jo, me har funne fast grunn, opplyste bore-mannskapet då dei tysdag ferda seg til ny runde i Djupevikjo. Flåten må liggja mest mogleg i ro når jobben blir gjort, og det er for å unngå bølgjer frå snøggbåtane det berre bli bora på natt-tid.
Første lekk i oppdraget er kartlegging av botntilhøva, sidan skal det takast prøvar i grunnen, som skal granskast nærare av geologar for å sjå om fjellet er høvande for gå vidare med planane for ferjestø og cruisehamn.

