
Siste veke var det forskalt og murt tjukke murar, så vart det lagt i steinmasse. Tidleg måndag vart asfalten lagt på toppen – og dermed vart flaumvernet på kaien inst i Evjo komplett. Men ikkje berre det, – den veste bratte kneiken mellom gjestekaien og Notahaugsbryggjo er bygt inn i nybygget , til glede for dei mange brukarar av strandpromenaden. No har dei som vil rulla ned frå, eller opp på, flaumvernet, fått ein slak og tilrettelagt veg å ferdast på. Det er igjen på sin plass med eit takk for velgjort.

