17. mai program for Stord kommune 2026

(Foto: Steinar Hystad)
FELLESARRANGEMENT LEIRVIK
  • 08.00: Salutt. Flaggheising ved støtta av Bård Haugland. Stord musikklag, Leirvik Mannskor og Speidarane deltek. Tale og nedlegging av krans ved støtta til Bård Haugland og minnesmerket for Austri ved Ola Dahl Andersen. Morgontoget går gjennom Leirvik til Døso. Stord Musikklag, Leirvik Mannskor og Leirvik Speidargruppe går vidare til sjukehuset der SM og LM spelar og syng
  • 10.45: Tale og nedlegging av krans til minne om dei falne ved Stord Kyrkje ved Kjellbjørg Lunde
  • 11.00: Gudsteneste – Stord Kyrkje
  • 15.00: Borgartoget stiller på Torget. Kvart lag stiller under sine faner/merker. Sjå oppstilling og kart bak i programmet.
  • 15.30: Toget startar (sjå rute bak i programmet). NB! Ingen køyretøy opp i Parken.
  • 16.00: Folkemøte i Parken. Ulvar Akselsen held tale for dagen. Stord Musikklag spelar og Leirvik Mannskor syng. Talen i Parken vert avslutta med Ja vi elsker.
LEIRVIK SKULE
  • 10.00: Elevane møter på skuleplassen
  • 10.15: Opning av dagen ved 7. trinn
  • 10.40: Barnetoget går frå skuleplassen. Rute: Vikabrekko – Osen – Nattrutekaien – Kaisvingen – Borggata – Torget – Sæ – Vikabrekko – skuleplassen.
  • 11:30: Kafèen på skulen opnar
  • 11.45: Framsyningar av elevar ved skulen
    Etter framsyningane vert det leikar for store og små. Sal av is, pølser, brus, kaffi og kaker. Kl. 14.00 Arrangementet er slutt.
HYSTAD SKULE
  • 08.00: Flaggheising
  • 08.50: Elevane møter på skulen og stiller opp på idrettsbanen. Appell v/elevar i 7. klasse. Stord-Rommetveit samarbeidskorps spelar
  • 09.30: Avgang med marsj ned til Stord Sjukehus, forbi legevakta og opp igjen Tysevegen, Håvåsen til Hystad skule.
  • 10.00: Kafé i gymnastikksalen og pølsesal ute. Musikk ved Stord skulekorps. Kafé i Hystadhuset og sal av is ute.
  • 10.30: Leikar for born på idrettsbanen. Vinnarane av det beste innslaget i toget vert kunngjort klokka 11.30.
  • 12.00: Arrangementet sluttar
HUGLO
  • 10.30: Flaggheising.
    Ord for dagen.
    Gudsteneste.
    Tog
    Mat i bygdehuset.
    Leikar for små og store
LANGELAND SKULE
  • 08:00: Flaggheising
  • 09:30: Frammøte ved skulen. Elevane stiller opp. Me syng nasjonalsongen. Appell for dagen ved elevar frå 7.-trinn.
  • 09:45: Toget går. Ruta i år går frå skulen via Langelandsvegen, ned Kåreviksvegen, inn Langelandsåsen, ned Friarkvilet, ut på Hornelandsvegen, ned til Kåreviksvegen, via gangstien til Langelandsvegen, og attende til skulen.

    Kiosksal opnar etter at toget er gått. Attende på skulen: Me syng «Gud signe vårt dyre fedreland» og «Herlege Stordøy».

    Konsert ved Langeland skulekorps. Blomeoverrekking. Me syng «Noreg i rødt, kvitt og blått». Leikar på skuleområdet.
  • 13:00: Program ved skulen slutt.

    Neste års 1. trinn inviterast med i toget under eiga fane (bak vaksenkorpset). Me oppmodar om å ikkje parkera bilane langs vegen der toget skal gå. Parkeringsplassane ved skulen er sett av til rørslehemma. Me ber dykk parkera på Heiane eller Vabakkjen. Betaling med vipps eller kontant.
  • 17:00: 17.mai-fest i Horneland bedehus.
ROMMETVEIT SKULE
  • 08.00: Flaggheising på Rommetveit skule
  • 11.00: 17. mai-samling i Aulaen. Alle syng ”Ja vi elsker” og ”No livnar det i lundar” Tale ved Johanne Øvstebø Tvedten Fredsdikt av elevar frå 5. trinn. Nordbygdo 17. maikor og 5. trinn syng «Gud signe Norigs land» og «Herlege Stordøy».
  • 11.45: Barnetoget stiller opp i Borggarden. Nordbygdo 17. maikor stiller opp i trappa og syng ”Gud signe Noregs land” og ”Herlege Stordøy” saman med 5. trinn
  • 11.55: Appell ved representantar frå 7. trinn. Alle syng to vers av «Ja, vi elsker dette landet» 3 x 3 HURRA!
  • 12.10: Toget går. Ruta er den vanlege forbi Samhald og over Krokane
  • 12.20: Kafé i gymsalen opnar. Sal av pølser, brus og is ute på skuleplassen
  • 12.55: Toget tilbake ved skuleplassen
  • 13.00: Leikar på skuleplassen
  • 14.30: Arrangementet på skulen er ferdig
SAGVÅG SKULE OG TJØDNALIO SKULE
  • 09.50 Toget stiller opp ved Kiwi Sagvåg
  • 10.00 Toget går via Nysæterstølen til Nysæter ungdomsskule
  • 11.00 Toget kjem opp på baksida av skulen. Appellar ved 7. trinn frå Sagvåg skule og Tjødnalio skule. Kåring av beste heiarop i toget. Sagvåg skulekorps spelar «Ja, vi elsker”.
  • 11.00 Kiosken opnar. Leikane startar etter «Ja, vi elsker» Sagvåg skulekorps spelar i hjarterommet under kiosksal og leikane.
  • 12.00 Tale i hjarterommet ved Reidar Ådnanes. Hovudkafeen held stengt under talen.
  • 13.00 Arrangementet sluttar
STORD KRISTNE SKULE
  • 08:00 Flaggheising
  • 09:30 – 10:15 Innlevering av kaker og kaffi
  • 10:25 Oppstilling ved Stord Kristne Skule
  • 10:40 Barnetoget går frå Leirvik skule
  • 11:40 Barnetoget er tilbake på SKS.
    Samling ved flaggstanga – Velkomst
    Vi syng «Ja vi elsker»
    Appell
    Vi syng «Gud signe vårt dyre fedreland»
    Informasjon om aktivitetar, prisar og betaling
  • 12:00 – 13:00 Leikar
  • 12:00 – 14:00 Kiosk
  • 14:00 Arrangementet sluttar