
2025 vart eit historisk år for den folkeeigde Huglabutikken AS. I fjor vår vart drifta, med god støtte frå Mercur-programmet, digitalisert og butikken vart open for handel også utanom vanlege tider. Med bankkort og kode kan innkjøp gjerast på både kvedstid og helgedagar.
– Eit tilbod som er blitt godt motteke, kunne styreleiar Per Egil Sæter opplysa på generalforsamlinga.. Der presenterte han rekneskapen for fjoråret som viste både omsetnadsauke, noko kostnadsauke – og tilslutt eit overskot på på 182 000 kroner. Generalforsamling applauderte forslaget frå styret om at overskotet i sin heilskap vart tilført eigenkapitalen.
Selskapet har etterkvart opparbeidd seg ein solid økonomisk fot å stå på. Med å auka aksjekapitalen med 200.00 tok ein «toppen» av ekstrakostander knytt til digitaliseringa utan nytt låneopptak.
Heile styrete tok attval og fekk applaus for stor frivillig innsats – som også omfattar digital bakvakt.
