
Køyrde ein Litlabøvegen mot Leirvik tysdag i middagstida, var det eit livleg syn som møtte billistar og passasjerar i svingen nedom Kannelønning. På dei grøne Stuva-bakkane på begge sider av fylkesvegen, var det var større
saueflokkar i aktivitet. I i herleg blanding av gras-sankande mamma omkransa av spretne lam.
– Ja, det har vore ein travel og kjekk vår i fjøset, men no er lembinga unnagjort, fortel Sander Mellemstrand Veum til Stordront. Han paktar garden på Stuva og har kunna skriva 185 nye lam inn i førselsprotokollen for 2026. Tysdag kveld vart sauene samla innomhus for vaksinasjon, før rundt 200 av dei blir førte til Stordfjellet for næringsinntak i området Breidalen. Det skjer i starten på juni. Ein del av sauene får gleda av å beita meir på heimebane gjennom sommaren.
