
(Foto: Thor-Eivind Mjelde, Osterøy IL)
Det var ingen som kunne sagt noko på det om heimelaget Osterøy hadde kome sigrande ut av oppgjeret etter 90 minutt mot Stord på Osterøy Stadion tysdag kveld. Men Robin Øvrevik og Kjell Petter Neset fekk fart på gutane sine i ekstraomgongane og vann til slutt komfortabelt 6-1.
Første omgang vart jamnspelt og sjangsefattig. Ein superredning frå Matias Martins De Fonseca i Stord-buret då heimelaget sin Even Fotland var åleine gjennom og eit skot i tverrliggar frå distanse av Stord sin unge kantsplear Jonas Lindeflaten Zanetti er eigentleg det einaste som er verdt å melde frå ein jamnspelt første omgang.
I andre omgang tok Stord kommandoen frå start og etter 10 minuttars spel var same Zanetti på farten igjen. Han vart spelt gjennom på venstre, avanserte til hjørnet på 16 meteren og hamra ballen over Osterøy-keeper Ivan Fossdal.

Men så var det stopp. Osterøy tok over etter skåringa og Stord sleit med å komme seg ut frå eigen banehalvdel. Då kampuret viste 75 minutt kom utlikninga. Niklas Kollvangsnes Solberg curla eit skot bort frå ein De Fonseca i full strekk til stormande jubel frå dei 200 frammøte heimetilhengarane. Dermed vart det klart for ekstraomgongar.
Det vart aldri spanande. Jonas Habbestad Gjerde og Roger Ekeland punkterte heimelaget med to praktskåringar etter høvesvis eitt og fem minutt av første ekstraomgang. Ekeland putta òg på til 1-4 etter 12 minutt. I andre ekstraomgang står Osterøy høgt og unge Oliver Skålevik-Smolka får brått ein heil banehalvdel å springe på. Han lar seg ikkje be to gonger og fyrer av eit skot som fyk inn på næraste stolpe. Ekeland fullfører sitt hat-trick 5 minuttar før full tid med ein utsøkt lobb over utrusande keeper.
Skal me håpe på SK Brann heime på Stadion i første runde?

