Mai – ein rimeleg stille politisk månad

Mange korte arbeidsveker i mai og berre eitt kommunestyremøte på agendaen. (Skjermdump, stord.kommune.no)

Kvikk studie av den politiske terminlista for Stord kommune mai 2026, stadfestar at det blir ein rimeleg roleg månad. Komande torsdag, den sjuande mai, er einaste dag oppført med møteverksemd og politiske drøftingar. Då blir det kommunestyremøte, med eindel større og spennande saker på dagorden: Ferje- og cruisehamn-planar i Djupavikjo, vassverk planar og avløpsplanar i milliardklassen. Pluss at det er reist eindel spørsmål, dei administrerande skal svara på. Dei ymse politiske utvala er oppført med møte første veke i juni, før det blir ferie fram til slutten av august. Utval for byutvikling er oppført med to møte i juni, går et fram av terminlista.