
– Jo, her er opplett og sol, men kaldt. Veldig kaldt, sa ei frostig Kari Gjengedal då ho måndag kveld avslutta TV2 sine nyhende med direkte-sending frå Onarheimsparken på Moloen i Leirvik hamn. Monumentet ytterst i parken fekk heiderleg omtale som Storddøra. Gjengedal var åleine på staden, skjermen som viser vèret vart lagt i studio.
Måndag vart ein uventa kald dag og varselet gjekk ut på 5 grader pluss – som verka som 1 grad minus. Tysdag vakna me til islagd og stengt Stordabru og ein uventa stopp i trafikken.
