Etterlyser fortauet på denne skulevegen

Spør om kommunen har planar for fortau på denne skulevegen. (Foto: Steinar Hystad)

– Bilvegen opp Håvåsen til Hystad. skule, er einaste skuleveg for born som kjem opp frå Hystad-sida. Bilvegen held ikkje dagens standard, den er smal og utan fortau. Ungar i grunnskulealder går langs vegen dagleg og har lite
vern mot biltrafikken til og frå skulen og bustadområdet.

Med desse fakta innleiar venstre-representanten Knut Eide Løkhammer, tre spørsmål han ønskjer svar på i komande kommunestyremøte:

  1. Har kommunen planar om å iverksettta trafikksikringstiltak på vegen, som del av utbetring av infrastruktur i området, eller som eige tiltak?
  2. Kva er status for Hjartesone rundt skulen?
  3. Det har tidlegare vore problem med hekk m.m. som gjer gang og sykkelveg uoversikteleg. Har kommunen sett over skulevegane mtp trafikktryggleik no på våren?