Vedvarande låg arbeidsløyse 

I april månad blei det registrert 273 heilt arbeidsledige personar i Sunnhordland. Dette tilsvarar 0,9 prosentpoeng av arbeidsstyrken. Arbeidsledigheita i regionen går med det ned med 0,1 prosentpoeng også frå mars månad, noko den og gjorde frå februar til mars. På landsbasis er ledigheita på 2,1 prosentpoeng og i Vestland held den seg stabilt på 1,7 prosentpoeng samanlikna med førre månad.

For kommunane i Sunnhordland syner tala at Stord kommune og Fitjar kommune er dei to kommunane med lågast arbeidsløyse, begge med 0,7 prosentpoeng. Deretter følger Sveio kommune med 0,9 prosentpoeng, Tysnes kommune har 1 prosentpoeng, medan Bømlo kommune har 1,1. Kvinnherad kommune har høgast arbeidsledigheit i regionen med 1,2 prosentpoeng.

I april var det registrert 402 ledige stillingar i Sunnhordland. Dette er 23 prosentpoeng færre enn same månad i fjor. Behovet er fortsatt størst innan innan helse, pleie og omsorg med 163 registrerte stillingar, noko som er ein prosentvis auke per virkedag på 53 prosentpoeng.  

-At arbeidsløysa går ytterliggar ned igjen frå  mars til april er som venta ut frå dei normale sesongvariasjonane, og me har fortsatt ei vedvarande låg arbeidsløyse i regionen. Med 273 arbeidsledige og 402 ledige stillingar i april held arbeidsmarknaden seg særleg stram, og det er utfordrande å arbeidsgivarar å få tak i dei arbeidstakarane dei treng, seier Håvard Lægreid, regionleiar i Nav Sunnhordland. 

Store behov innan helse 
Nyleg var statistikksjefen i Nav, Ulf Andersen, på besøk til Sunnhordland og deltok på møte med Nav og politisk og administrativ leiing i kommunane i Sunnhordland. Her presenterte Andersen tal og prognosar for regionen for åra framover, og viste blant anna til at det vil være store behov for fleire tilsette innan helse i åra framover. 

Som følgje av dei venta demografiendringane i regionen er det estimert eit behov for 1200 fleire tilsette innan helse i regionen fram mot 2050. Den store auka i behov for tilsette innan helse skyldast at det er venta ein reduksjon i talet på personar i arbeidsfør alder, og ei større auke i personar over pensjonsalder. 

-Me veit at det allereie i dag er utfordrande å få tak i nok kvalifiserte personar innan helse og at behovet er stort i regionen. At opp i mot halvparten av dei 402 utlyste stillingar i april er innan helse, pleie og omsorg gir oss eit tydeleg bilde på dette. Me må møte denne utfordringa med å ha fokus på tett samarbeid med arbeidslivet. Me treng både å få redusert sjukefråværet og få inkludert fleire som ikkje er i arbeid, samt å få fleire til å fullføre ei utdanning som gjer at dei blir kvalifiserte til aktuelle jobbar innan blant anna helse, seier Lægreid.