Lite disposisjonsfond – høg lånegjeld

(Stord rådhus, ill. foto Steinar Hystad)

Statsforvaltaren i Vestland har  hr nøye granska  Stord kommune sitt vedtekne budsjett for 2026 og økonomiplanen for dei komande åra. Deet står ikkje så veldig bra til i den kommunale lommeboka og i den avsluttande vurdereinga skriv  Liv Signe Navarsete:

«Kommunen må ha fokus på å nå dei målsetjingane som ligg i økonomiplanen. Det er nødvendig å halde budsjettramma og tilpasse aktivitetane til dei inntektene som kommunen har. Kommunen må arbeide for å oppnå netto driftsoverskot på minst 1,75 prosent av driftsinntektene, både i år og for dei komande åra. Det vil frigjere driftsmidlar til å opparbeide disposisjonsfond. Dette er særleg viktig på bakgrunn av behovet for å opparbeide vesentleg større disposisjonsfond. Kommunen må i samband med budsjettrevisjon vurdere dei frie inntektene i budsjettet nærare. Inntektene må vere realistiske for at kommunen reelt skal oppnå tilstrekkeleg stort netto driftsoverskot. Kommunen sitt disposisjonsfond er vesentleg mindre enn det bør vere. Kommunen er spesielt økonomisk sårbar med så lite disposisjonsfond som no. Fondet burde vore over kr 150 mill., basert på noverande inntektsnivå. Dette er i samsvar med kommunen sitt eige måltal om disposisjonsfond på 5 – 10 prosent av driftsinntektene. Kommunen si lånegjeld er svært høg. Kommunen må vurdere planlagde investeringar grundig og vere varsam med nye investeringar. Overføring av VA-sektoren, med tilhøyrande lånegjeld, til eige aksjeselskap endrar ikkje på vurderinga om at kommunen si lånegjeld er for høg. Kommunen må drive i økonomisk balanse dersom investeringane i økonomiplanen skal bli gjennomførde. Driftsbalanse og disposisjonsfond må styrkast dersom kommunen skal kunne ta på seg så store investeringar som økonomiplanen legg opp til. Kommunen må før eventuell iverksetjing vurdere nærare om det er økonomisk grunnlag for investeringane i planen.»