
– Heilt nytt innslag i den kommunale sentrumspynten på Leirvik er det nok ikkje, men det som er sikkert er at keisarkrunene våre i år er ekstra fine og tidlege.
Dette er kva Stordront.no får forklart når me rettar spørsmål til den «grøneetat», om dei gule og oransje høgreiste blomar som for tida prydar beda ved Baard Hauglands plass og ved Rådhuset. Staslege keisarkruner og tulipanar som er på full fart opp er begge resultat av gjenbruk av løkar frå år til år. Til glede for oss som ruslar framom og nyt fargespelet.
