Treffsikre STORD-ambasadørar

Bård Kalve har nett kasta – Randi Kalve gjer seg klar… (Foto: Steinar Hystad)

Kvar tysdag og torsdag i perioden frå midt i september til slutten av april, går det føre seg ei triveleg kuletevling, ved den norske sjømannskyrkja i Albir, Spania. Mellom dei rundt 1000 som har hiv seg på boccia-turneringane denne sesongen, har ei imponerande rekkje stordabuar representert heimekommunen sin på beste måte.

Slik har m.a. Randi Kalve, Bård Kalve, Olav Skorpen og Thore Liverød til felles at dei med kule kast har samla mest poeng og blitt kåra til «winner to day». I god sjømannskyrkje-tradisjon blir beste poengsankar i runden premiert med lapp som byr på ein porsjon laurdagsgraut, med rosiner og saft. Nestbeste poengsum kvalifiserer til lapp som byr på kaffi og nysteikt vaffel med syltetøy. Tredjemann kan gleda seg over ei sjokoladeplate med mandlar. Premieseansen på kyrkja er like gemyttleg og kjekk som sjøvle kastinga. Treng vel mest ikkje nemnast at dette er timar prega av godt humør og muntre kommentarar.

Bocciatevlingane ved Sjømannskyrkja i Albir er som oftast vellsigna med blå himmel. (Foto: Steinar Hystad)