Stordugnad og fjelging på Vikahaugane

Stor ryddejobbe utført på Vikahaugane måndag. (Foto: Steinar Hystad)

Innføring av plussnotat i plussmargen er som kjent eitt av dei gildaste gjeremål for Stordront-redaksjonen. Og såleis blir det med smil i fjes sendt «dagens rose» til dei mange medlemer i Stord Idrettslag som var med på rydde- og fjelgingsdugnaden rundt idrettsanlegga på Vikahaugane i kveldinga måndag. Bos vart plukka, grøne vekstar som prøvde seg på oppvekst langs murkantar og i trappegangar og i gangvegar, vart fjerna. Det vart mange søppelsekker i klarplast å leverta til næraste miljøsentral. På vegner av mange, seier Stordront.no: – Takk for velgjort.