Skuleåret 2027-2028 – flest skuledagar i september

Forslag til skulerute 2027-2027 er sendt på høyring.

190 dagar i klasserommet ventar elevane i grunnskulen i Stord kommune når klokka ringjer inn til start 19. august neste år. Det viser forslaget til skulerute 2027-2028 som no er sendt på høyring, mellom anna til Fitjar kommune. Vert framlegget endeleg vedteke, blir september vinnar av tevlinga om kva månad som har flest skuledagar – med 22 og null fridagar.

Det kjem seg på frisektoren alt i oktober, med haustferie i perioden frå 11. til 15. oktober. 22/12 blir siste skuledag før jul – og 3. januar den første etter jule- og nyttårsferien. 28. januar blir det lagt opp til elevfri dag grunna interkommunal planlegging. April slår inn med påskeferie og «berre» 14 undervisningsdagar. Mai følgjer opp med 18 skuledagar og i juni 2028 er siste frammøte for sommarferien tek til, sett til 22.