
Mannskapet til Halleraker Sveis og Vedlikehald AS frå Bømlo, fekk i arbeiet med å retta opp trekaien stadfest at Evjo i indre del av Leirvik gjestehamn ber namnet sitt med rette. Dei nye pålane som vart sett ned var i utgangspuktet 12 meter lange, men måttte lengjast fem til seks meter før dei stoppa nedstiging på fast grunn under stålet. Restaureringa var godt «taima», og eksisterande treverk kunne brukast igjen, i ein kai utan svai. Kaifronten framom Sjøhuset har fått ny nedsenka trekai, mynta på småbåtar. Inste flytekaien/gjestebryggja skal fjernast og er tenk ny framtid i Sagvåg, får Stordront.no opplyst hjå hamneinspektør Frode Tverborgvik.
