
«Jeg velger meg april, for da tar våren til», sa diktaren. Og den som tek seg tid til å sjå seg ikring, og gjerne lyttar litt ekstra i tillegg i desse dagar, må berre nikka til diktutsegna. Å sjå utsprungen bjørk, full fart i bløming i rhododendronen og japansk kirsebærtre. Ja, til og med klungeren og stikkelsbærbusken er i så godt humør at dei viftar med små «museøyro». Det same i blåbærlyngen med blom der også, men nett for denne veksten ber me om eit visst tolmod framover, så det ikkje går som i fjor:
Då var det tidleg blom å sjå, så kom ein tørr og kald periode og det vart heller mager fangst for den som tok til skogs med spann og plukkar. Med tanke på utsprungen bjørk allereie, går håtten i retur til eitt av 70-tala i forrige århundra. Då var det så iskaldt at pyntekomiteen for 17.mai på Vikjo hadde ferdig søknad til høgare makter om å flytta
nasjonaldagen til bjørka var utsprungen. Men så kom varman i tide.
