
Det er ikkje nytt at Viltnemnda i Fitjar må behandla søknad frå grunneigarar og bønder om løyve til å fella grågjess som flokkar seg og eta opp gras prodsert til for for husdyr. Og no er det på ‘an igjen. Denne søknaden er sendt frå området Vistvik:
Her er ny søknad om fellingsløyve med same ordlyd som tidlegare år:
Underteikna søkjer med dette om fellingsløyve for inntil 10 grågjeser. Grunnen er at desse gjesene gjer stor skade på mi slåttemark. Eg driv med villsauer og haustar år om anna mellom 100 og 200 stk. 20 kg. høyballar på jordene mine, men avlingen vert redusert kvart år av beitande gjeser som forsyner seg av avlingen og etterlet seg store mengder avføring. Å skræma fuglane bort har vist seg nyttelaust, dei kjem att ganske snart eller går over til naboeigedomane som har same plagane. Felling av fuglane vil verta utført av dugande jegrar med godkjent jegerprøve. Eg ser fram til snarleg svar.
