
Tysdag 28. april klokka 11.00 får Senioruniversitetet besøk av psykolog Bodil Bjelland. Ho representerer Leger Uten Grenser og vil fortelja om organisasjonen og arbeidet dei gjer.
Bodil Bjelland er utdanna psykolog frå Universitetet i Bergen i 1998 og er spesialist i klinisk psykologi. Ho arbeider no i spesialisthelsetenesta for rus ved Blå Kors klinikk Haugaland. For Leger Uten Grenser har ho hatt fire oppdrag, i Libya, Irak, Litauen og på Vestbreidda.
Leger Utan Grenser vart etablert i Paris i 1971 og starta opp i Noreg i 1996. Målet er å hjelpa dei som treng det mest i krigs- og konfliktområde, i land med svake helsesystem, under epidemiar og etter naturkatastrofar. Dei har no vel 500 prosjekt og fleire enn 69000 tilsette i over 70 land.
I foredraget vil Bjelland fortelja om organisasjonen, korleis dei vert finansierte og korleis dei arbeider ute i felt.
Kjem du til Bømlo kulturhus på tysdag, får du kunnskap om korleis folk har det i krigs- og krisesituasjonar og innblikk i dette uvurderlege helsearbeidet Bodil Bjelland er ein del av.
Velkommen!
Helsing
Styret
