Ber om løyve til grunnundersøkingar i Djupavik

Frå planlagd ferjekai i Djupavikjo skal trafikken førast i tunnel til Vabakkjen.

Som ein av eigarane til grunnen som er tenkt brukt til cruisehamn og ferjekai i Djupavik, like utom Moloen i Leirvik, har Stord kommune motteke  tilvending frå Vestland fylke om løyve til nye undersøkingar.  I skrivet heiter det  at

Vestland fylkeskommune arbeidar med teknisk forprosjekt  Ferjekai Djupavika – Ferjesambandet Stord-Kvinnherad.  I samband med planlegginga er det naudsynt å kartlegge lausmassane med omsyn på djupne til berg og kva dei er samansett av. Undersøkingane er planlagt gjennomført i perioden 4. mai til 20. juni.

Undersøkingane blir gjennomført med beltegåande borerigg. Riggen er utstyrt med boretårn som sonderer ned borstenger, ofte til 3 meter inn i berg. Borstengene vert trekt opp att frå kvart borpunkt. Undersøkingane vert utført på ein slik måte at dei gjer minst mogleg skade. Der boringane vert utført på skogsmark kan det verte naudsynt å kviste eller å felle tre for å koma fram, opplyser fylkeskommunen.

Bilete: