
Planane for ferjefritt samband mellom Kvinnherad og Stord, med tunnel frå Halsnøy til Hidle og bru vidare derfrå over Nuen til Hystad-landet, møter motbør i Vestland fylkeskommune. På spørsmålet om ferjeavløysingsmidlar til prosjektet, er svaret frp den fylkeskommunale Eining for infrastruktur og veg, slik:
Det er Samferdselsdepartementet som godkjenner prosjekt som ferjeavløysingsprosjekt. Om eit prosjekt blir godkjent som ferjeavløysingsprosjekt, kan Kommunal- og distriktsdepartementet gje eit førebels overslag over ferjeavløysingsmidlar for prosjektet. Vestland fylkeskommune legg vekt på at nye initiativ for vegtiltak er forankra hjå kommunane, og det må difor vere kommunane som anmodar fylkeskommunen om å be om eventuell godkjenning som ferjeavløysingsprosjekt, og ber om overslag over ferjeavløysingsmidlar.
Vi vil likevel peike på at Hillefast vil vere eit særs kostnadskrevjande tiltak. Etter det vi får opplyst frå Statens vegvesen, kan kostnadene for bygging av undersjøiske tunellar kome opp mot 1 mill. kr. pr meter. Drift av ein undersjøisk tunell er i tillegg rekna til å vere om lag fire gongar så kostbart som ordinære tunellar. Ein flytebru på 2,6 km over Halsafjorden er kostnadsrekna til 11,6 mrd. kr. Bru over Halsafjorden er ikkje nødvendigvis samanliknbart med Hillfast, men totalt sett visar dette at Hillfast vil kome opp i mange milliardar kroner. Ferjeavløysingsordninga inneberer at tilskotet fylkeskommunane får til drift av eit ferjesamband kan brukast til ferjefritt samband. Frå dette tilskotet blir auken fylkeskommunen får som følgje av bru/tunnel og ny veg blir trekt frå ferjeavløysingsmidlane. Fylkeskommunen må ta opp lån for å finansiere dette, som inneberer store kapitalutgifter for fylkeskommunen. Bompengepotensialet mellom Stord og Kvinnherad er også avgrensa.
Tiltaket vil ut frå dette ikkje kunne bli finansiert gjennom ferjeavløysingsmidlar og brukarfinansiering, og vil krevje særs høg fylkeskommunal delfinansiering. Fylkeskommunen har eit etterslep på fylkesvegnettet på om lag 20 milliardar kroner, og etterslepet er aukande. Politiske vedtak i fylkeskommunen peiker på at det viktigaste på fylkesvegnettet er å redusere etterslepet. På dette grunnlag kan vi ikkje sjå at det vil vere mogleg å kunne finansiere Hillfast som fylkesvegprosjekt. Vestland fylkeskommune ønskjer å vidareføre arbeidet med innkorting av ferjesambandet StordKvinnherad, og ser ikkje grunnlag for å arbeide med ferjefri kryssing mellom Stord og Kvinnherad.
