Jobbar på for å utrydde polio

(Foto: Global Polio Eradication Initiative)

– Stord Rotaryklubb er ein av 35 000 klubber i verda som arbeider for å bekjempe sjukdommen polio. I samband med dette skal vi ha ein innsamlingsaksjon med stand på Amfi, Heiane Storsenter og Sagvåg laurdag 25. april. Dette skriv Arne Oftedal i ei melding til Stordront.no sin digitale postkasse sundag.

– Polio er ein alvorleg sjukdom som skuldast eit virus som kan føre til lammelse. Sjukdommen kan ikkje behandlast, kun førebyggjast ved vaksinering, held Oftedal fram.

I 1980 var det 350 000 tilfeller av polio i verda kvart år. Då vart det starta ein internasjonal aksjon med sikte på å utrydde sjukdomen. Fram til no er talet på tilfelle redusert med 99 % og Rotary har vore ein viktig del av dette arbeidet. I dag der det to land i verda som har tilfelle av sjukdommen; Pakistan og Afghanistan.

– Sjølv om det framleis er utfordringar er det grunn  til optimisme, og det er viktig at kampen mot polio held fram, skriv Oftedal.

– Dersom ein ikkje lukkast i dette arbeidet og sluttar med å vaksinere, er det grunn til å frykte at sjukdommen vil komme tilbake og krevje 200 000 offer kvart år om 10 år fram i tid. Difor vil Stord Rotaryklubb halde fram med å støtte arbeidet mot Polio.

Årets innsamlingsaksjon vert laurdag 25/ 4 med stand på Amfi, Heiane storsenter og i Sagvåg og me oppmodar som har moglegheit til å støtte aksjonen.