
Med sju mot KrF si eine røyst, rår Utval for rehabilitering, helse og omsorg Stord kommunestyre tilå gjera slikt vedtak i spørsmålet om høve til utvida skjenketider under komande VM i fotball:
«Kommunestyret vedtek følgjande mellombelse endring i forskrift av 17. juni 2024 nr. 1231 om opningstider for serveringsstader, samt skjenke- og salstider, Stord kommune Vestland:
– I I forskrift av 17. juni 2024 nr 1231, om opningstider for serveringsstader, samt skjenke- og salstider m.v. skal § 4 nytt tredje ledd lyde:
– Kommunestyret utvidar i perioden 11. juni til 19. juli skjenketida for alkoholgruppe 1 og 2, for skjenkestader som viser direktesendte kamper i fotball-VM for herrer som pågår etter skjenkestadene sine alminnelege skjenketider. Utvida skjenketid vert fastsett for den enkelte skjenkestad etter søknad.
II Forskrifta trer i kraft straks. Forskrift om opningstider for serveringsstader, samt skjenke- og salstider, Stord kommune, Vestland, § 4 tredje ledd vert oppheva 20. juli 2026.
