– Har ikkje beredskapslager for medisinar

Ill. foto: Steinar Hystad

Eva Herskedal Irgens (FrP) viste til urolege tider i verda, då ho i møtet til Utval for rehabilitering, helse og omsorg stilte følgjande spørsmål til kommuneadministrasjonen:

– Det har vore mangel på medisinar i Noreg over ein lang periode og fleire er uroa for tilgong på naudsynte faste preparat. Korleis sikrar kommunen vår eit beredskapslager eller liknande for naudsynte medisinske preparat til innbyggjarane ?

Her er svaret ho fekk

– Kommunen har ikkje eit beredskapslager for medisiner for sine innbyggjarar. Det er apoteka som har ansvar for medisinlager/depot i Norge i dag, jf Forskrift om grossistverksemd med legemiddel §5. Direktoratet for medisinske produkter DMP følgjer opp legemiddelmangel og produksjonsvanskar på fabrikkar m.v. på nasjonalt nivå i samarbeid med andre europeiske styresmakter. Status i dei kommunale tenestene i dag er hovudsakleg beredskap for inntil to veker, men med variasjon i høve meir eller mindre kritiske/mykje nytta medikament.