Våraktivitet i vindfallfurua…

Kvit proteindrikk for furua. (Foto: Steinar Hystad)

Eit kraftig vindkast la ned denne furua over fylkesvegen gjennom Brandviklio aust på Huglo. Stamma måtte kuttast for å halda vegen open for trafikk, og såleis vart det faktisk opna for unikt innsyn i det som skjer på denne årstida inne i ei furu.

Sjølv om treet ligg velta, har det framleis meir enn god kontakt med næringsrik jord gjennom langstrekte røter. Næringsrik «drikke» for trevirket blir enno produsert og sendt oppover og framover i stamma. Kan sjå passeleg delikat ut, men eit interessant skue, er det. Og ein viktig våraktivitet.