
Stord Kommune hadde måndag møte med leiinga i Helse Fonna og Stord sjukehus angåande radiologi tenesta ved Stord sjukehus, meldes det på dei kommunale nettsidene.
Anders Hovland greia ut om prosessen fram mot dagens situasjon, og forklarte korleis Helse Fonna vil rigga radiologitilbudet framover. Pr i dag er det radiolog på Stord sjukehus 2 dagar i veka på dagtid, og leiinga vonar å ha på plass ei løysing denne veka på tilstadeverande radiolog ved Stord sjukehus på dagtid.
Stord kommune ser det vert arbeida godt med å finna løysingar med fast tilsette radiologar og har tillit til heilskaplege løysingar som gjev god akuttberedskap på Stord sjukehus.
(Denne saka er henta frå Stord kommune sine heimesider iht avtale)
