Midlertidig stans i innlån frå andre bibliotek

Norsk bibliotektransport (NBT), som leverte bøker mellom biblioteka, har gått konkurs. Det melder Stord folkebibliotek i ei kort pressemelding onsdag.

– Dermed blir det midlertidig stans i innlån av bøker frå andre bibliotek, fortel bibliotekar Lenora Regine Skrede Gjerde i Eining for kultur i Stord kommune til Stordront.no

– Dette betyr at ein ikkje lenger kan tinga bøler frå andre bibliotek via Biblioteksøk, forklarar Skrede Gjerde. – Bøker som allereie er ting, vil bli forsinka eller ikkje levert. Om du har bøker som du allereie har lånt frå andre bibliotek vil det framleis vere mogleg å levere inn att hos oss.

Ho legg til at utlån av Stord folkebibliotek sine eigne bøker går som normalt, og det framleis går transport mellom Stord og Fitjar.

– Me beklagar ulemper dette fører med seg, seier Skrede Gjerde som òg oppmodar om å ta kontakt med personalet i skranken, på telefon 482 13 206 eller epost bibliotek@stord.kommune.no om du har spørsmål.