
Stord eldreråd er eit rådgjevande organ i Stord kommune som mellom anna har som oppgåve å uttala seg om eller ta opp saker som gjeld eldre i kommunen. På møtet måndag denne veka samla rådet seg om nestleiar Tore Gram Økland sitt forslag til uttale:
«Eldrerådet er uroa over omlegginga av radiologtenestene ved Stord sjukehus. Eldrerådet representerer ei stor brukargruppe av tenestene ved sjukehuset, og kan ikkje akseptera at tilbodet ved Stord sjukehus vert svekt på nokon måte. Eldrerådet har merka seg dei sterke debattinnlegga frå fagfolka ved sjukehuset, og legg denne argumentasjonen til grunn når me ber styret i Helse Fonna og leiinga ved sjukehuset snarast revurdera omlegginga av radiologtilbodet»
