
Torsdag 16. april klokka 18:00 vitjar Reidar Johan Sandal Stord Sogelag i amfiet, like innanfor hovudinngangen, på Høgskulen i Vestland på Rommetveit.
Han vil med ord og bilete fortelja oss om stølslivet i Valdalen, Røldaø, før utbygginga på 50- og 60-talet.
– Han har ein eineståande evne til å gjera historier særs levande og morosamt, så dette må du få med deg, lyd meldinga Stord Sogelag sender Stordront.no sundag kveld. – Fakta om slit, arbeid og elende vil verta fortalt med makalaus innleving, alvor og humor, på ekte Røldalsdialekt. Dette vert garantert ei kulturhistorisk og minnerik stund.
– Reidar var elev ved Stord Lærarskule seint på 70-talet. Blant hans medelevar var Magne Rommetveit. Dei to, og nokre til, vil innleiingsvis ha ei kort mimrestund om si felles elevtid. Kanskje kjem det fram nye avsløringar?
– Møt fram og få med deg dette foredraget. Du vil garantert ikkje angra, lyd oppmodinga frå Stord Sogelag. – Det er frott tilgjenge.
På tampen vert det informert om at Stord sogelag har fått ny heimeside: Stordsogelag.no.
– Den er nyleg lansert, og vil bli fyldigare etterkvart. Kom gjerne med innspel om oppsett og innhald til stord.sogelag@outlook.com
