
Sjølv om ein har nådd opp i aldersklassen for senior pluss, er det nytt å læra. Det fekk eindel besteforeldre nyleg erfara rundt dekka middagsbord i kantineområdet på Nordbygdo Ungdomsskule. Gjestene hadde til felles at
barneborn var mellom elevar på tiande steget som hadde valt KULTURARV som valfag. Ei av oppgåvene var samtale med besten eller besto om deira opptvekstår . Dette som bakgrunn for ei skriftleg innlevering.
Lærdomen den eldste garde hausta av valfaget, var at ein god «gamaldags» kjøttkakemiddag er komen på kulturarvlista. Elevane hadde hatt kurs med utsendingar frå Stord Bygdekvinnelag og lært seg kunsten å laga kjøttkaker, og ikkje minst der tilhøyrande brun saus, frå grunnen av. Anna sunt på tallerken var gulrot, ertestuing og poteter. Skikkeleeg godt – med minnerik smak av søndagsmiddagen me åt » før i tida».
Desserten var også i ein klasse for seg seg, heimelaga sjølvsagt: Smuldrepai med svartsurbær henta frå eigen skulehage.. Alt laga og servert av smilande elevvar, som skal ha mange hjarteleg takk for mat og hyggjeleg
samkome.
På vegner av gjestene
Steinar Hystad
(morfar)

