Spør om medisinberedskapen i Stord kommune

Ill. foto: Steinar Hystad

Til møtet i Utval for rehabilitering, helse og omsorg neste veke, har representanten Eva H. Irgens (FrP)meldt spørsmål om den kommunale medisinberedskapen. Ho skriv:

I desse urolige tider, med auka fokus på beredskap, ønskjer eg å stilla følgjande spørsmål til kommunedirektøren:

– Det har vore mangel på medisinar i Noreg over ein lang periode og fleire er uroa for tilgong på naudsynte faste preparat.

Problemstillinga blei snakka litt om i eldrerådet også.

Korleis sikrar kommunen vår eit beredskapslager eller liknande for naudsynte medisinske preparat til innbyggjarane?