Heavykatten «headline’ar» under Teaterfestivalen 2026

Førstkomande helg blir Teaterfestivalen på Stord arrangert i Stord kulturhus – ein av dei eldste scenekunstfestivalane i landet. Festivalen har sidan oppstarten vore ein viktig møteplass for barn og unge innan teater, og Stord teaterlag har hatt rolla som teknisk arrangør heile vegen.

I år kjem deltakarane frå Askøy, Bergen, Haugesund og Stord, og gjennom festivalhelga blir det vist 10 ulike framsyningar på scena i storsalen. Programmet byr på ei rik blanding av kjende eventyr, musikalar og klassikarar – alle tolka og framførte av unge skodespelarar med stor speleglede.

Festivalen blir opna fredag kveld med Stord Teaterlag si framsyning Heavykatten. Fekk du ikkje med deg stykket tidlegare i år, får du no ein ny sjanse når det er først ut under Teaterfestivalen 2026. Framsyninga har ei speletid på 75 minutt utan pause og blir spela fredag klokka 18.30. Stykket er basert på bøkene til Roald Kaldestad, med manus skrive av Toril B. Falk.

Vidare i festivalprogrammet kan publikum mellom anna oppleva Robin HoodPeter PanAskepottAladdin og den vindunderlege lampa og Klatremus og dei andre dyra i Hakkebakkeskogen – forteljingar mange kjenner frå før, men som her får nytt liv på scena. Festivalen rommar òg meir leikne og musikalske uttrykk, som Once Upon a Dancing Queen – Mamma Mia møter Disney, der song, dans og kjende låtar set stemninga, og den humoristiske The Show Must Not Go On av den lokale Spinae-foreininga, der teateret ikkje heilt går som planlagt.

Teaterfestivalen er ein arena der unge får stå på ei stor scene, vera ein del av eit fellesskap og utvikla seg som utøvarar. Engasjementet er tydeleg – både på scena og i salen.

– Noko av det flottaste med festivalen er å sjå kor mykje dei unge skodespelarane trivst på scena – det smittar over på publikum. Ta turen til kulturhuset i helga, du vil garantert ikkje kjeda deg! oppmodar Stord teaterlag.

PROGRAM TEATERFESTIVALEN 2026 10.-11. APRIL

Enkeltbillett 100,- / Festivalpass 180,- (alle framsyningane)

FREDAG 10. april:
18:30 Heavykatten – Stord teaterlag
20:30 Once Upon a Dancing Queen (Mamma Mia møter Disney) – Bergen musikalfag ungdom

LAURDAG 11. april
09:30 Robin Hood Bomskytteren fra Sherwoodskogen – Askøy teaterlag
11:00 Klatremus og de andre dyrene i Hakkebakkeskogen – Askøy teaterlag
13:15 The show must (not) go on – Foreininga Spinae
14:35 Årstiden som forsvant – Filiokus, Haugesund B&U teater
15:50 Peter Pan – Ny Krohnborg, Bergen
17:00 Alladin og den vindunderlige lampa – Haugatun, Bergen
18:00 Min midtsommernattsdrøm – Global teatergruppe, Bergen
19:30 Askepott -Nordnes ungdomsgruppe, Bergen