Evjo i Evjo er djupare enn dette

12 meter lange jarnbaneskinner var ikkje lange nok til å nå ned på fast grunn i Evjo. (Foto: Steinar Hystad)

Til arbeidet med å retta opp trekaien i indre del av gjestehamna i Evjo, skaffa entreprenør Halleraker sveis og vedlikehald, standard jarnbaneskinner 12 meter lange. Det store spørsmålet var om desse var lange nok til å få støtta kaien på fast fjell, under eit uvisst tjukt lag evjebotn.

Når brøyt’en sette kreftene på og trykte skinna ned, var det som å «skjera i smør». Når ti meter av stålskinna var i djupet, var det klart at det trongst meir enn 12 meter for å koma på trygt underlag. Skinnene må skøytast nokre meter før neste nedtrykk.

Med deler av kaien avkledd, kom de fram mange konkrete prov på at evjemakken i Evjo har forsynt seg godt av både «skjørt» og pålar.

11 meter av skinnene er under kaien, men førebels ikkje på trygg grunn. Dei må skøytast. (Foto: Steinar Hystad)