Venelag for autentiske Møllebuo

Har stått sidan 1866. (Foto: Steinar Hystad)

Under tittelen «Kulturminne – tilskot til vern», har nyskipa Møllebuo Venelag skrive særs utfyllande søknad om midlar til nokre mindre, men nødvendige gjeremål med bygget som har vore nabo til Stord Kyrkje sidan byggeåret 1866. Alt i 1907 fekk Møllebuo innlagt straum, frå kraftverket noko lenger inne i osen frå Frugardseleva. Utanom noko restaurering av skorsteinen, er det ikkje gjort bygningsendringar på bygget, melder venelaget. Omsøkt tilskot skal nyttast til tetting lekkasje og skifte av litt bordkledning.

Her litt av soga til buo:

«Møllebuo var husvære i 2. høgda for møllaren (ved Frugarden mølle) og hans store familie; fire søner og tre døtre. I ein periode budde det 11 personar i det vesle, trekkfulle og kalde husvært. I 1. høgda var det korn- og mjøllager. Kornet vart levert frå skuter direkte inn dei doble dørane i fronten av huset. Mjølet vart levert ut same vegen.»

I seinare år har Sunnhordland Museum og prosjektet for 5-klassingar, «Eg byggjer meg ein båt», halde til Møllebuo. Dette samarbeidet mellom huseigarar og museum skal halda fram.

Vidare skriv Venelaget:

«Bygningen er så godt som autentisk frå byggeåret. I det eine rommet er det ei flott biletutstilling frå aktivitetane rundt utløpet av Frugardselva, som var eit eige industrisamfunn med mølle, sag, elektrisitetsverk frå 1907, båtbygging og i seinare tid også ein sjoddifabrikk»