
På nokre få straksar var det plukka så mykje plast, slite tauverk, diverse spann og ymse rusk og rask i stranda ved Nuen, at to fulle sekker kunne leverast til SIM. Denne våren kan det sjå ut som det er noko meir bos i strandbeltet enn det har vore siste åra, og difor kan det vera bra med folkeleg engasjement med støtte frå Sunnhordland interkommunale miljøverk.
Sitat frå siste SIM-nytt:
«Alle som ønskjer å rydda strender andre ikkje har plikt til å rydda etter forureiningslova, kan søkja om å få sekker som kan leverast kostnadsfritt til ein av våre miljøsentralar. SIM set som krav at det vert oppført ein vaksen kontaktperson som står ansvarleg for ryddinga. Påmelding skjer via SIM si nettside».
Det er også mogleg å søkje SIM om økonomisk støtte til strandrydding. Miløverket har 300.000 kroner til utdeling til føremålet kvart år.
