
Aina Thunem kjem «heim» til Stord med sitt energiske og inspirerande underhaldningsforedrag om kommunikasjon, kroppsspråk, sjølvtillit, og det å ta meir plass i eige liv. Ta med deg søster, dotter og mor di, veninnene, kollegaene, klubben eller naboane, for dette vil de både ha nytte av – og de vil få ein kjekk kveld med mykje latter, påfyll og inspirasjon!
Aina deler raust, treff rett i hjarta og set ord på det mange av oss kjenner på, men sjeldan seier høgt. Ho gjev deg heilt konkrete tips og verkty som du kan bruka alt i morgon for å kommunisera betre både med deg sjølv og andre, samt korleis kan du blir litt tøffare og ta viktige steg mot den du verkeleg ønsker å vera. Og ikkje minst er det eit kjærleg spark bak til å ta plass, våga meir og gje deg sjølv ein sjanse til å gjera alt du ikkje tør!
Jentekvelden byr i tillegg på kunstutstilling med Stordkunstnarane Bitta Bøthun Ulriksen og Torill Berger. Me skal også nytta kvelden til å prata i lag, og her blir både bobler og dans for dei som vil.
Dette blir ein kveld for jenter i alle aldrar, med latter, fellesskap og feiring – midt i hjarta av Leirvik sentrum: Vikjoscenen i Torget 10.
(Menn er også velkomne – men vil nok bli i mindretal!)
