
I påvente av «DAVE», klokka var vel rundt halv to (13.30 digitalt), laga Langenuen seg til med ein sjeldan type kunstferdig overflate. Dette skjedde mellom Røssbø på Huglo og Rommetveit, og fantasifulle medmenneske ymta
frampå at dette kanskje kunne vera varsel frå høgste hald om at no var like før vinden klinte til av full styrke. Kunsten i vass-yta synte seg i ein god halvtime, før biletet forsvann like fort som det oppstod. Etterpå vart det blikkande stille på sjøen. «DAVE» oppførte seg eksemplarisk då han besøkte Nuen i kafffitida 1. påskedag. Noko andre som merka seg sjøkunsten denne dagen?
