
Dei som samanlikna påskeaftan med ein vanleg laurdag med vanleg laurdagsope på SIM sin miljøsentral på Heiane, vart møtt av open port, men likevel stengt sental. Dei som køyrde inn, fann ingen tilsette å venda seg til og på dei store containerane var loka på. Ein rask sjekk av sistesida på nyleg tilsendt SIM-nytt, stadfesta at 0900 til 1400 er vanleg laurdagsope, men påskeaftan og julaftan og nyttårsaftan og diverse heilagdagar er miløsentralane stengte.
– Men kvifor var porten open?
– Som resultat av eit teknisk problem, fekk stordront.no opplyst.
