
Stordront sin rontomkring-ruslande var overtydd om at ein solid flokk stare på strengen, kunne omtalast som eit godt vårteikn. Overtydinga varte berre fram til observasjonen vart spelt inn for vår gode ven «wikipedia», som
visste å fortelja at det er helst på haustparten staren samlast i mengder. Jo fleire dei er i lag, jo tryggare er dei for angrep frå svoltne haukefuglar når fuglane er ute på trekka sine. Likevel, det kan ikkje vera bomskot om me tek starane til inntekt for ein vår på innmarsj, vonleg nokre grader varmare, etterkvart…
