
Med topphua nedover øyrene, skjerf i halsen og den tjukkaste vinterjakken godt gjenknappa og kanskje vottar i tillegg. Slik var ein rett kledd til ei økt pizza og spørsmål i teltet eller pergolaen ved Huglabutikken i kveldinga onsdag. Denne seansen er blit den tradisjonelle innleiinga på påskehelga på øya aust i Stord kommune. Frammøtet var som vanleg godt og frå quiz-master Jonas kom det 36 spørsmål av ymsande vanskegrad. Her var også viktig lokalkunnskap å henta, som:
Kor mange kvadratkilometer er Huglo ? (13,5).
Kor høgt er Høgafjedlet? (218 meter over Nuen)
Kva tid vart Stord by? (1997)
