
Etter første verdskrigen samla engelske minesveiparar (også omtalt som minefiskarar) seg i lune Leirvik hamn, eit hende som vart dokumentert av fotograf S. Kannelønning. Kunstig intelligens har i 2026 hjelp til med fargelegging.
Som ein kuriosa kan nemnast at det var i dette høvet fotballen kom til Stord. Engelskmennene hadde ball med i bagasjen og fekk låna eigna grasbane til kamp og trening hjå Tvdtsen sine, oppfor kyrkja. Stordgutane som fekk prøva seg, likte sporten så godt at det vart oppretta fotballgruppe i Stord turn og idrettslag.
