I mars vart det registrert 324 heilt arbeidsledige personar i Sunnhordland. Dette utgjer 1 prosent av arbeidsstyrken. Arbeidsløysa i regionen går dermed ned med 0,1 prosentpoeng frå februar og held fram med å ligge på eit svært lågt nivå. Både på landsbasis og i Vestland er arbeidsløysa stabil, med nivå på 2,2 prosent og 1,8 prosent samanlikna med førre månad.
For kommunane i Sunnhordland viser dei siste tala ei lita auke i arbeidsløysa i Bømlo samanlikna med februar. Bømlo har no ei arbeidsløyse på 1,3 prosent, opp 0,1 prosentpoeng frå førre månad. Fitjar er kommunen med størst nedgang. Her går arbeidsløysa frå 1,3 prosent i februar til 1,0 prosent i mars. I Sveio er nivået uendra på 0,9 prosent. Stord har ei arbeidsløyse på 0,8 prosent, ein nedgang på 0,1 prosentpoeng frå februar. Tysnes ligg på 0,9 prosent, som er ein reduksjon på 0,2 prosentpoeng. Kvinnherad har ei arbeidsløyse på 1,1 prosent, ned 0,1 prosentpoeng samanlikna med februar.
I februar vart det registrert 464 ledige stillingar i Sunnhordland, eit tal som er mykje høgare enn talet på ledige. Størst er fortsatt behovet innan helse, pleie og omsorg med 189, deretter følger ingeniør- og ikt-fag med 43 og industriarbeid med 42.
– Arbeidsløysa er låg, samstundes som etterspurnaden etter arbeidskraft er høg i fleire næringar. Dette gir gode moglegheiter for arbeidssøkjarar, og me oppmodar alle som står utan arbeid om å ta kontakt med oss slik at me kan hjelpe dei vidare. Samstundes krev situasjonen tett samarbeid mellom Nav, arbeidsgjevarar og utdanningsmiljøa for å sikre at folk kjem raskt i rett jobb, seier regionleiar Håvard Lægreid.
