
Arild Steinsland, den nye prosten i Sunnhordland prosti med bustad i Sveio, snakka varmt om sjømenn i nær slekt og oppvekst ved Smedasundet, som bakgrunn for stor interesse for store båtar. Det gjorde han for fullsette stolrader på Stord Maritime Museum nyleg. Tittel på biletkåseriet hadde han lånt frå den kjende «Min båt er så liten» – med omskriving til «Min båt er .. så stor».
For Steinsland startar stor båt på vel 3000 DWT. Mange av dei som var endå større vart drivne av reiarlaga i Haugesund då prosten vaks opp. Han har foto av dei fleste. Skuter som fekk den skipskunnige møtelyden til å nikka gjenkjennande. Steinsland har også sikra seg god kjennskap til at verftet på Kjøtteinen har sendt store skip ut i arbeid på dei store hav.
I sine mange sumrar i hytte tett ved kaien på Utbjoa, fekk kåsøren godsansen for HSD og deira flåte av ferjer, snøggbåtar og bussar. Tur med M/F «Stord» til den flotte by Leirvik, var eit storhende som oftast vart toppa med ein tur innom Grand Kafe for å kjøpa soft-is med krokan-toppings.
Talaren fekk eit samtykkjande svar frå møtelyden då han sette fram påstand om at M/F «Hardingen» er den finaste ferja som har segla langs kysten vår.
I ti år var Steinsland prest i Kirkenes og fekk der eit god venskap med Hurtigrutene. Store, flotte og trygge båtar.
Arild Steinsland gav honnør for det solide dugnadsarbeidet som er utført med oppbygginga av samlingane på det maritime museet på Nattrutekaien. No er han støttemedlem.
