
Heldige var dei som takka ja til konsert med Koret Icthus og Sagvåg Musikklag i Stord Kyrkje onsdag kveld. For medan det var særs haustleg vår med ulande vind og pøsregn ute, var det duka for lunt gjestebod i kyrkjeskipet, med ein fin blanding av friske og og meir mjuke tonar på den musikalske menyen.
Koret med gospel og salmar godt støtta av eige band og Egil Petteteig som leiar. Korpset leverte frå dei rolegaste seriøse stykkje, til kvasse låtar med tilpassa disibelar øvre skiktet. Og ein marsj, sjølvsagt. – Ingen skikkeleg musikklagskonsert utan, fastslo dirigent Håvard Kroka.
Songarar og musikantar baud også på felles og framføringar. Mykje vellyd, rett og slett.
Så takk til brassbandet Sagvåg Musikklag og Koret Icthus (med base på Nysæter) for at dei tok turen til Stord Kyrkje denne kveldsstunda.
Biletet: Koret Icthus og Sagvåg Musikklag i samspel i Stord Kyrkje.
