
Første vårmånaden lakkar mot slutten, utan at veret ser ut tilå bry seg så mykje om akkurat det. Eit par grader pluss og nysnø lika ned på Heio torsdag morgon, er tydlege varsel om at vinteren ikkje heilt vil sleppa taket. I låglandet er det vel strøgrusen som minner mest om årstida tida me er i ferda med å leggja bak oss. I den smanaheng har me sendt to spørsmål til Håkon Litlabø, avdelingsleiar for Veg og grønt i Stord kommune:
– Kva framdrift er planlagt for fjerning av strøgrusen på kommunale fortau og gangvegar? Når så skjer, blir grusen lagra med tanke på gjenbruk når det igjen går til vinter?
– Arbeidet med kosting og fjerning av strøsand på kommunale vegar, fortau og gangvegar vert gjennomført kvar vår når forholda tillet det, det vil seie etter at snø og tele er borte og risikoen for nye frostperiodar er låg. Oppstart er planlagt i nær framtid, og arbeidet vil gå fortløpande område for område.
– Per i dag har kommunen ikkje utstyr for reinsing og gjenbruk av strøgrusen, og han vert difor ikkje lagra for bruk til neste vintersesong.
– Framdrifta kan bli påverka av verforhold og tilgjengelege ressursar, seier Litlabø.
